
BRUVIK SENJA® GMT OKSHORNAN LIMITED EDITION 69
Bruvik Senja er som eit lite stykke Norge, med alt det beste frå vårt langstrakte land, komprimert inn i norges nest største øy, 69 grader nord.
Repeterte triangel på toppringen, saman med dei rette og dramatiske vinklane i urkassa, reflekterer dei rundt 50 unike fjelltoppane over 750 meter på øya. Den unike børstinga av urkassa, toppring og stållenke, illustrerer den røffe fjellstrukturen på øya`s fjelltoppar på ein elgant måte. Kruna har Okshornan etset inn i relieff. Okshornan er ei majestestisk fjellkjede ut mot storhavet, og blir også kalla djevelens tanngard.
Øya er litt som BRUVIK, en slags ”underdog” opp mot den langt meir kjente Lofoten. Men Senja er som ei delvis skjult perle, med sin eventyrlig natur.
Urskiva og baklokket er laga med tanke på den lange og fortsatt aktive fisketradisjonen på øya. Gravert fiskegarn- mønster i urskiva og djupetsa garnmønster på baklokket, gjev oss eit historisk perspektiv på ein livsviktig kysttradisjon med mat og fiske frå havet, integrert i eit unikt moderne produkt.
Den svarte fargen på urskiva er henta med inspirasjon frå Okshornan. Dei svarte fjella som ligg der majestisk og ruvar langs øyas ytterside, som ein inngangsport frå storhavet inn til øya.
